BLÅTUR BERGEN

EI FARTSFYLLT NATUROPPLEVING SOM PASSAR FOR ALLE!

Vi tek deg med på ein fartsfylt tur med ein av våre RIB-båtar der sikkerheita er i hovudfokus under heile turen.

Dette er turar som passar perfekt som ein kickstart på blåturar. Også for deg som berre ønskjer å kombinere hurtig transport med ei flott og underhaldande oppleving.

Turen tilpassast heilt etter ønskje frå deg som er kunde. Ein kan ta ein roleg sightseeing tur på Nordåsvatnet eller sette kursen mot Marstein Fyr og få kjenne på naturkreftene.

Det vil soleis vere ein tur som passar for alle og sjølv dei største skeptikarar har funne ut at dette var ei kjekk oppleving.

Vi kan skreddarsy eit komplett arrangement der ein kombinera ein slik tur med besøk hos ein av dei flotte serveringsstadane som ligg i skjergarden rundt Bergen.

Vi har god erfaring med å arrangere blåturar og kan komme med gode tips.

Ring oss gjerne for ein prat!

spørsmål?

Kontakt oss på mail - info@fjordguiding.no eller ring +47 47 80 20 10

praKTISK INFORMASJON:

  • Kapasitet: Ein båt kan ta inntil 12 personar og vi kan stille med 3 båtar på samme tid. Tar kver båt to turar på 30 min kan vi på ein time køyre totalt 72 personar.
     
  • Varighet: Turen kan vare så lenge du måtte ønske. Normalt anbefaler vi ein tur på minst 1 time, men dette kjem litt an på kva setting det er snakk om. Er det kun snakk om ein liten kickstart på eit arrangement kan 20-30 minutt være nok! 
    Minimumsleie per båt er 1 time. 
     
  • Pris: Kostnaden er basert på timeleige. Du leiger ein heil båt og betalar soleis same pris om de er 5 eller 12 personar. Pris per person vil soleis variere basert på tal personar. Den billigaste varianten er å ha ein båt som køyrer fleire korte turar. Eksempelvis vil det for ei gruppe på 24 personar koste kr. 287,- per person om ein brukar ein båt som køyrer to turar på 30 minutt.
     
  • Møteplass: Vi møter deg der du ønskjer!
    For turar ut til havet vil det være beste å starte opp i området Flesland/Hjellestad, men har du god tid kan vi plukke deg opp midt i Bergen sentrum!
    Vårt nullpunkt strekkjer seg frå sentrum til Hjellestad, men vi tar naturlegvis også turar utanfor dette området.
     
  • Utstyr: Alle får utdelt flytedrakt og fartsbriller for turen. Du kan soleis komme slik du er!
     
  • Fart: Våre båtar har ein marsjfart på 35 knopp og ein toppfart på 45!
     
  • Køyrerute: Der du måtte ønske! Vi gjev forslag basert på kva du er ute etter å oppleve
     
  • Sesong: Vi køyrer turar heile året! På vinteren er sjøen krystallklar og kan gje unike opplevingar.