LEDIG STILLING BERGEN

GUIDE/RIB-BÅTFØRAR I BERGEN

Som ei følgje av auka satsing i Bergen søkjer vi etter fleire kvalifiserte guidar/båtførar til å utføre våre daglege turar i Bergen i sommarsesongen 2019.

Vi køyrer turar både for cruiseskip, individuelle gjestar samt grupper. 
I sesongen vil vi ha fire båtar i drift og fleire medarbeidarar på jobb som både guide/båtførar og kai-personell. Sesongen varer frå mai til september og arbeidstida vil vere i hovudsak vere på dagtid, men også nokre kveldsturar.

Vi søkjer etter fleire kvalifiserte kandidatar som kan jobbe heile sesongen evt. berre delar av den. Stillinga vil soleis også kunne passe for dei som til vanleg jobbar turnus.

ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Guide og køyre RIB-turar i Bergensområdet

  • Formidle naturen, kulturen og historia til området

  • Høgt fokus på service og opplevingar til kunde samt å delta aktivt i sal av turar

  • Forfallande arbeid som vask og vedlikehald av båtar og anna utstyr

KVALIFIKASJONAR:

  • Fylt minimum 18 år (fødd seinast 2000)

  • Flytande norsk språk munnleg og skriftleg, god engelsk munnleg

  • Fritidskipparsertifikat D5L,

  • Grunnleggande sikkerheitssertifikat IMO50

  • Radiotelefonisertifikat SRC-VHF

  • Kurs i krise og passasjerhandtering

  • Personlege eigenskapar vert vektlagde og kvinner vert særleg oppmoda om å søkje

VI YNSKJER AT DU:

  • Er glad i å formidle og snakke med gjestar.

  • Flink å prate engelsk.

  • Likar å være i naturen og brukar gjerne fritida di på turar på fjord og fjell.

  • Er sosial, utadvent, ansvarsbevist, løysingsorientert, glad, lojal og omgjengeleg.

  • Kan takle eit høgt tempo i høgsesongen

VI TILBYR:

  • Gode lønnsordningar (fast lønn)

  • Ein sommarjobb å misunne!

  • Sosialt arbeidsmiljø med fornøgde gjestar!

  • Full opplæring

  • Mogelegheit for jobb i fleire sesongar

Tilsetting i perioden april-juni 2019.

Spørsmål kan rettast til Ola Alexander Lilloe-Olsen - 474 07 541.

Søknad med CV sendast til ola@fjordguiding.no innan 23.01.2019.
Husk å nemne kva periode du ønskjer å jobbe evt. legg ved turnuskalender.

TELEFON

(+47) 47 80 20 10

 

MAIL

info@fjordguiding.no

 

HOVUDKONTOR

FjordGuiding DA
Hantveit 257
5960 DALSØYRA
NORWAY

 

KONTAKTPERSON

Ola Alexander Lilloe-Olsen
ola@fjordguiding.no
(+47) 47 40 75 41

 

ORGANISASJONSNR.

991 488 863

 

FAKTURAADRESSE

faktura@fjordguiding.no