LEDIG STILLING

GUIDE/RIB-BÅTFØRAR I GEIRANGER

Som ei følgje av auka satsing på Geiranger søkjer vi etter fleire kvalifiserte guidar/båtførar til å utføre våre daglege turar på Geirangerfjorden i 2019.
Dette blei omtala som kanskje Noregs beste sommarjobb av BA i 2013!
Vi køyrer turar både for cruiseskip og individuelle gjestar. Turane er svært populære og har svært gode tilbakemeldingar på blant anna Trip Advisor.
I sesongen vil vi ha fire båtar i drift og eit ti-talls medarbeidarar på jobb som både guide/båtførar og kai-personell. Sesongen varer frå mai til september og arbeidstida vil vere 7,5 time, i hovudsak ein gong i tidsrommet 08:30-18:30.

Vi søkjer etter ein eller fleire kvalifiserte kandidatar som kan jobbe heile sesongen evt. berre delar av den. Stillinga vil soleis også kunne passe for dei som til vanleg jobbar turnus.

ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Guide og køyre RIB-turar på Geirangerfjorden

  • Formidle naturen, kulturen og historia til området

  • Høgt fokus på service og opplevingar til kunde samt å delta aktivt i sal av turar

  • Forfallande arbeid som vask og vedlikehald av båtar, lokale og anna utstyr

KVALIFIKASJONAR:

  • Fylt minimum 18 år (fødd seinast 2000)

  • Flytande norsk språk munnleg og skriftleg, god engelsk munnleg

  • Fritidskipparsertifikat D5L,

  • Grunnleggande sikkerheitssertifikat IMO50

  • Radiotelefonisertifikat SRC-VHF

  • Personlege eigenskapar vert vektlagde og kvinner vert særleg oppmoda om å søkje

Dersom du ikkje har D5L, VHF eller IMO50 tilbyr vi ein avtale på utføring av desse kursa der du forpliktar deg til å jobba hos oss over ein lengre tidsperiode. 

VI YNSKJER AT DU:

  • Er glad i å formidle og snakke med gjestar.

  • Er nysgjerrig på å lære meir om natur og kulturlandskapet i Verdsarvfjorden

  • Likar å være i naturen og brukar gjerne fritida di på turar på fjord og fjell.

  • Er sosial, utadvent, ansvarsbevist, løysingsorientert, glad, lojal og omgjengeleg.

  • Kan takle eit høgt tempo i høgsesongen

VI TILBYR:

  • Gode lønnsordningar (fast lønn)

  • Ein sommarjobb å misunne!

  • Sosialt arbeidsmiljø med fornøgde gjestar!

  • Full opplæring og evt. nødvendige kurs

  • Mogelegheit for jobb i fleire sesongar

  • Overnatting i hytter med dusj/WC og eige soverom.
    Hyttene ligg plassert over Ørnesvingen med fantastisk utsikt over Geiranger.

Tilsetting i mai 2019.

Spørsmål kan rettast til Ola Alexander Lilloe-Olsen - 474 07 541.

Søknad med CV sendast til ola@fjordguiding.no innan 05.01.2019.
Husk å nemne kva periode du ønskjer å jobbe.

TELEFON

(+47) 47 80 20 10

 

MAIL

info@fjordguiding.no

 

HOVUDKONTOR

FjordGuiding DA
Hantveit 257
5960 DALSØYRA
NORWAY

 

KONTAKTPERSON

Ola Alexander Lilloe-Olsen
ola@fjordguiding.no
(+47) 47 40 75 41

 

ORGANISASJONSNR.

991 488 863

 

FAKTURAADRESSE

faktura@fjordguiding.no