FJORD GUIDING DA

FRÅ RIB-SELSKAP TIL TOTALLEVERANDØR AV FJORD OG KYSTOPPLEVELSAR

FjordGuiding vart stifta i 2007 av Sognefjord Invest AS ved Kjetil Hantveit og Torbjørn Kolås. 

Selskapet starta med dei to systerribbane Gere og Freke bygd i Brasil og utrusta i Stryn. Selskapet hadde som føremål å levere opplevingsturar langs Vestlandskysten. 

Allereie fyrste sesongen i 2007 lukkast selskapet i slik grad at det raskt vart kjøpt inn ein båt til for å dekke behovet, ribbåten Fenris, ein Parker 900RS. Seinare har oppdraga auka på, passasjermengda auka og fleire båtar har blitt kjøpt. 

I dag fraktar FjordGuiding tusenvis av opplevingsturistar årleg, og leverer turar frå Austevoll i sør til Geiranger i nord. Selskapet har i dag heilårlege tilsette, er framleis i sterk vekst og ser stadig fram mot nye horisontar og fjordar å syne fram. 

Suksesskriteriane som har ført til at selskapet er kome der det er i dag er hardt arbeid over tid, redudans, flinke tilsette, noko flaks og ein fantastisk vestlandsnatur å syne fram.

Omsetninga til FjordGuiding har sidan starten vore aukande og er i dag på ca. 7,5 million kroner.

TRYGGLEIK

Verksemda har fokus på tryggleik og har sidan starten ingen tilfelle av personskade eller skade på ytre miljø. Selskapet nyttar kun kvalifisert personale som minimum innehar D5Lfritidsbåtskipparsertifikat, IMO 60 tryggleikskurs, og ROC (evtVHF) - kurs.

Kundar som ynskjer å reise på RIB-tur med oss må kle seg i godkjent flytedress, flytevest og vernebriller som selskapet vederlagsfritt låner ut. Samtidig må alle gjennomgå obligatorisk tryggleiksorientering før dei kan gå om bord.

TELEFON

(+47) 47 80 20 10

 

MAIL

info@fjordguiding.no

 

HOVUDKONTOR

FjordGuiding DA
Høgenausen
6823 Sandane
NORWAY

FIRMAADRESSE

FjordGuiding DA
Hantveit 257
5960 DALSØYRA
NORWAY

 

KONTAKTPERSON

Ola Alexander Lilloe-Olsen
ola@fjordguiding.no
(+47) 47 40 75 41

 

ORGANISASJONSNR.

991 488 863

 

FAKTURAADRESSE

faktura@fjordguiding.no